Back to All Events

Musikkterapi i lavterskel rusarbeid- med fokus på tverrfaglig samarbeid

Malena Grov Ottesen

Biografi:
Musikkterapeut utdanna ved Griegakademiet. Har sidan fullført studium jobba i psykisk helsevern, lavterskel rusarbeid og i spesialpedagogisk kontekst. No bankar hjarta litt ekstra for å skape gode og langvarige musikktilbod for personar med langvarig psykisk sjukdom og/eller rusutfordringar.

Abstract:
Musikkterapi i lavterskel rusarbeid- med fokus på tverrfaglig samarbeid

Ei praksisforteljing om å byggje opp eit musikkterapitilbod ved MO-senteret i Fjell kommune.

MO-senteret er eit mottak og oppfølgingssenter for personar med ruslidingar som mellom anna tilbyr sosialt samvær, aktivitetar, sosialfagleg rettleiing og støtte, enkel helsehjelp og kontakt med andre aktørar i hjelpeapparatet. I dette foredraget vil musikkterapeut og leiar ved MO-senteret presentere det vi har sett på MO-senteret i løpet av dei nesten 2 åra med åpen musikkterapigruppe, fleksible individualtimar og lukka bandgruppe etter stengetid som vi har praktisert.

Sidan hausten 2016 har det vore musikkterapi ved MO-senteret i Fjell kommune ein dag i veka. Fokuset til dei tilsette ved MO-senteret har vore å delta aktivt i musikkterapien, og å oppmuntre til samspel dei dagane musikkterapeuten ikkje er tilstades. MO-senteret fører tal på kor mange besøkande det er kvar dag, og musikkterapidagen stikk seg fram som ein dag mange kjem innom.

Vi vil diskutere tverrfagleg samarbeid i musikkterapifaget med fokus på å trygge miljøpersonalet i bruk av musikk som miljøtiltak i møte med personar med ruslidingar. Korleis kan vi skape ein arena der brukarane og miljøpersonalet blir trygge på å setje i gong musikkaktivitet når musikkterapeut ikkje er tilstades, og kva gjer det med miljøet på MO-senteret?

Earlier Event: June 8
Keynote: Dag Nordanger