Back to All Events

Å gå seg vill – til samspill

Ingeborg Nebelung

Biografi:

Ingeborg Nebelung er utdanna barnehagelærar og musikkterapeut. Ho har etterutdanning i rus og psykisk helse, og vidareutdanning i musikkterapi og eldrehelse. Ho har 20 års erfaring som musikkterapeut med ulike målgrupper i kulturskule, skule, barnehage og på sjukeheim, driv praksisen ”Vestfold Musikkterapi”, og er for tida stipendiat ved NMH med eit prosjekt om musikkterapi i barnevernsinstitusjon. Ingeborg Nebelung er styremedlem i Norsk Forening for Musikkterapi, og er Norges delegat til European Music Therapy Confederation.

Abstract:
Vi kallar oss sjølve humanistiske og ressursorienterte musikkterapeutar. Vi ser det som vår hovudoppgåve å alltid la klientens interesser, ressursar, funksjonsnivå og emosjonelle behov gå foran og vise vei. Men kva når videoopptaket du akkurat gjorde av musikkterapitimen, viser at du er heilt på jordet? At du faktisk ikkje tar nok hensyn til klientens nivå, og at du som musikkterapeut verken fremmer samhandling eller forståelse? At klienten tydeleg viser at han er forvirra, at han ikkje forstår, og at har ingen aning om kva du prøver å få han til å gjere? Sjølv erfarne musikkterapeutar kan gå på slike blemmer.

I dette innlegget vert det vist tre korte videoklipp av musikkterapeuten i samhandling med ein 15 år gamal gut med autismediagnose. Det første klippet viser ein tydeleg ”mismatch” mellom aktiviteten som musikkterapeuten tilbyr, og guten si evne til å forstå kva som vert forventa. Det andre klippet viser ein annan type tilnærming frå musikkterapeuten, med større vekt på lydimitasjon og turtaking som er meir tilpassa klienten sitt funksjonsnivå og interesseområde.  Det tredje klippet viser kva som kan skje når vi lar alle læringsmål og innlærte metodar ligge, og har fokuset på å bare vere; saman, nær, til stades, tilgjengeleg og anerkjennande. Sjølv om musikkterapeuten går seg vill, så kan det reparerast. I samspill.

(Nøkkelord: Autisme, samspill, inntoning, intersubjektivitet, anerkjenning)

Referanser: Stern, D. N. (1974b). Mother and infant at play: The dyadic interaction involving facial, vocal and gaze behaviors. In: M. Lewis & L. A. Rosenblum (eds.) The effect of the infant on its caregiver. pp. 187-213 New York: Wiley