Back to All Events

Responsivitet i musikkterapeutisk improvisasjon. Eit perspektiv inspirert av Mikhael Bakhtin

Karette Stensæth

Biografi:
Førsteamanuensis i musikkterapi og ledar for CREMAH (Senter for forsking i musikk og helse) ved Norges musikkhøgskole. Lang erfaring som musikkterapeut. Publisert ein god del.

Abstract:
Denne presentasjonen tar for seg hovedlinene i mi bok om temaet som er det same som i overskrifta her. Boka kom ut på Barcelona Publishers i 2017 og tar for seg mi internalisering av idear til den russiske tenkaren Mikhail Bakhtin. Det er trekk ved hans dialogisme som eg meiner er spesielt verdifulle for responsiviteten i musikkterapeutisk improvisasjon, og som eg difor har utvikla ein teori om. Trekka eg siktar til gjer seg gjeldande på mange nivå, både eksistensielle og praktiske. Ein kan t.d. sjå på feltet mellom klient og terapeut som eit situert, ope og uferdig felt som begge utviklar og pregar saman med andre stemmer og verda rundt. Innanfor dette feltet har musikkterapeuten eit anna ansvar enn klienten, men begge har personlege ansvar for å bidra og å gje seg over til improvisasjonen. Musikkterapeuten må derimot også invitere han med i samspelet samtidig som ho sikrar han. For å opne nok opp for han, må ho meistre paradoksen å tvile på det ho kan og veit samtidig som ho ikkje gløymer kompetansen sin. Det er heller ikkje nok for henne å imitere og spegle klienten om det betyr at ho visker ut seg sjølv. Dialogisme som dette er eit etisk ideal og ikkje alltid mogleg å leve opp til. Nokre gongar er også monologiske utvegar nødvendige. Eit dialogisk «mind-set» og musikken er derimot særs gode hjelparar for å nærme seg det dialogiske idealet.

Referanser:
Stensæth, K. (2017). Responsiveness in Music Therapy Improvisation. A Perspective Inspired by Mikhail Bakhtin. Dallas, TX: Barcelona Publishers