Back to All Events

”Humanistisk musikkterapi”: Kva er det i dag? Utfordringar og moglegheiter med denne merkelappen i vår tids samfunn

Karette Stensæth, Brynjulf Stige, Ingelill B. Eide, Ingeborg Nebelung,  Even Ruud

Biografi:
Førsteamanuensis i musikkterapi og leder for CREMAH ved Norges musikkhøgskole. Lang erfaring som musikkterapeut.

Abstract:
Lenge, heilt sidan oppstarten av det første musikkterapistudiet i Norge, har norsk musikkterapi hatt merkelappen "humanistisk". Ein grunn til det er nok Even Ruud (2010) og hans teoretiske plassering av musikkterapien i eit sokalla "humanistisk perspektiv". Utviklinga av musikkterapifaget har saman med strøymingar i samfunnet, trender innan forsking og oppblomstring av mange ulike helsepraksisar som brukar musikk utfordra det vi kanskje forstår som typisk for det humanistiske. Dette rundbordet tar for seg ulike perspektiv på merkelappen "humanistisk musikkterapi". Panelet, som består av forskarar med særleg interesse for tematikken, spør: Korleis definerer vi humanistisk musikkterapi? Korleis skil denne seg i teori og praksis frå andre teoriar og praksisar som ikkje brukar merkelappen "humanistisk"? Kva slags utfordringar møter vi med denne merkelappen i dag? Treng musikkterapien alltid verre humanistisk orientert? Kvifor og når, ev..? Kva betyr det humanistiske perspektivet for forsking og for etablering og/eller oppretthalding av musikkterapipraksisar? Bidreg det til å gje norsk musikkterapi politisk gjennomslagkraft?

Referanser:
Ruud, E. (2010). Music Therapy. A Perspective from the Humanities. Gilsum, NH.: Barcelona Publishers