Back to All Events

VI TO - frå ektepar til pasient og pårørande. Musikkterapi som del av prosessen for heimebuande yngre med demens og nære pårørande

Solgunn E. Knardal

Biografi:
Musikkterapeut sidan 1998, har jobba innan ulike felt. Jobben på eit alderspsykiatrisk sykehus, gjev daglege menneskemøte både med pasientar og pårørande, som både gjev gode opplevingar, læring og utfordringar. Svært engasjert innanfor arbeidet for yngre med demens og deira familiar.

Abstract:
Demenssjukdom rammar ikkje berre personen sjølv. Eit heilt nettverk vert ramma. Relasjonar skal redefinerast og gjenfinnast, ein kan trenge støtte til å finne grunnlag for nye samversmåtar, og utvide mulighetene for god kommunikasjon. Musikkterapi som forholdsvisnytt fag innan helsesektoren, har potensiale til å gje tilbod både til menneske med demens og deira pårørande, og også tilpasse intervensjonen gjennom sjukdomsforløpet. Dette innlegget vil vise til musikkterapi som del av denne prosessen, for par som skal handtere dagleglivet heime - og også gjenfinne fritid som felles rekreasjon.

Referanser:
Baker, F. A., Grocke, D , Pachana, NA (2012): Connecting through music: a study of a spousal caregiver-directed music intervention designed to prolong fulfilling relationships in couples where one person has dementia Australian Journal of Music Therapy 01-01: 4-19

Jacobsen R. og Holmelien, S (2011): Pårørende til personer med demens. Om å forstå, involveer og støtte de pårørende, Gyldendal Akademisk, Oslo

Ruud E. (1997/2013): Musikk og identitet Oslo, Universitetsforlaget AS

Stige, B og Ridder HM (red) 2016): Musikkterapi og eldrehelse. Oslo, Universitetsforlaget