Back to All Events

Polyfon profesjonsøkologi

Brynjulf Stige 

Biografi:
Professor i musikkterapi ved Griegakademiet, UiB. Leiar for GAMUT - Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. Leiar for POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. Medredaktør for Voices: A World Forum for Music Therapy.

Abstract:
Når vi no markerer at det er 40 og 30 år sidan dei to norske musikkterapiutdanningane i Oslo og Bergen vart etablerte, gjev det grunnlag for å reflektere over utviklinga av musikkterapi som profesjon i Noreg. Dette føredraget byggjer på følgjande to vurderingar, nemleg: a) at det er like nødvendig å arbeide systematisk med profesjonsutvikling som det er å arbeide systematisk med utdanning og forsking, og b) at året 2013 var eit vegskilje for musikkterapiprofesjonen i Noreg, ved at det då for første gong kom ei tilråding av musikkterapi i Helsedirektoratet sine nasjonale faglege retningslinjer for behandling. I denne nye situasjonen vil fleire aktørar måtte ta ansvar, og det er i Noreg etablert eit firepartsamarbeid mellom NMH, UiB, MFO og NFMT for å planleggje og samordne innsatsen. Dette føredraget fokuserer på UiBs hovudstrategi for utvikling av musikkterapiprofesjonen, nemleg POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. Eg vil i) gje konkret informasjon om etableringa av denne kunnskapsklynga, ii) gje utkast til ei teoretisk forståing av dynamikken i ei kunnskapsklynge, og iii) dele refleksjonar rundt erfaringane så langt og utsiktene for dei komande åra.

Referanser:
Berge, D. M. (2013). Innovasjon og politikk: om innovasjon i offentlig sektor. Arbeidsnotat 2013:4, Molde: Høgskolen i Molde.

Helsedirektoratet (2013). Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med psykoselidelser. Oslo: Helsedirektoratet.

Miller, L., Dalli, C. & Urban, M. (red.) (2012). Early childhood grows up: towards a critical ecology of the profession. London: Springer.

Nicolini, D. (2012). Practice theory, work, and organization. An introduction. Oxford, UK: Oxford University Press.