Back to All Events

Å spele på følelsar: eit nevroaffektivt perspektiv på musikkterapi i behandling av menneske med alvorlege psykiske lidingar

Oda Bjørke Dypvik  

Biografi:
Oda Bjørke Dypvik studerer musikkterapi ved Aalborg Universitet. Ho er no på sitt 10. og siste semester ved utdanninga. Hausten 2017 hadde ho ein fire månaders lang praksis ved Lovisenberg Diakonale Sykehus, der ho arbeida innanfor psykisk helsevern. Musikkterapi, psykisk helse og affektive prosessar er eit felt ho brenn ekstra mykje for i musikkterapifaget. Dypvik har også vore ein av drivkreftene til å starte eit nordisk studentsamarbeid. Der har ho, ilag med medstuderande frå alle dei nordiske utdanningane, etablert ei studentforeining kalla Nordic Music Therapy Students som jobbar for tettare kontakt og samarbeid mellom dei nordiske musikkterapistudentane.

Abstract:
Nevroaffektiv utviklingspsykologi er ein teori som integrerer utviklingspsykologi, tilknytningsteori, traumeforsking og hjerneforsking om affektive strukturar. Teorien sitt utgangspunkt bygger på at ein føresetnad for emosjonell utvikling og utvikling av sjølvreguleringskompetansar, skjer gjennom gjentakande rytmar og gjensidige regulering av nevrale kretsløp. Dei siste åra har denne retninga opna augo opp for musikkterapien, og den musikkterapeutiske relasjonen, si evne til å utvikle og understøtte gjensidige regulering -og synkroniseringsprosessar. Ifølge nevroaffektiv teori er det å spele på følelsar, og forandringskrafta som ligg i dette, noko av det viktigaste musikkterapien har å tilby i behandling av menneske med alvorlege psykiske lidingar. Dette foredraget vil fokusere på korleis eit nevroaffektiv perspektiv på musikkterapi i psykisk helse kan brukas i praksis, belyst gjennom eit caseforløp frå min 4 måneders lange praksis på 9. semester. Det nevroaffektive perspektivet vil også koplast opp eit begrep frå nyare traumeforsking om "toleransevinduet" (Siegel, 2012) og dette som eit nyttig verktøy i reguleringsarbeid med pasientar med traumeproblematikk.

Referanser:
Hart, S. (2017) Introduktion til neuroaffektive processer i musikterapi. I C. Lindvang & B. D. Beck (red.), Musik, krop og følelser. Neroaffektive processer i musikterapi (s. 53-79). Frederiksbjerg C: Frydenlund

Nordanger, D. (2014). Regulering som nøkkelbegrep og toleransevinduet som modell i ny traumepsykologi. Tidsskrift for Norsk psykologforening 51 (7), 530-536

Siegel, D. J. (2012). Developing Mind, Second Edition. New York: Guilford Publications