Back to All Events

Musikkterapi med ungdom med psykoselidelse

Anita Barsnes og Liv Jorunn Bergseth 

Biografi:Anita Barsnes er utdanna musikkterapeut med mastergrad frå Universitetet i Bergen, og jobbar for tida som musikkterapeut ved Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge ved Haukeland Universitetssjukehus. Tidlegare har ho jobba med born med spesielle behov på PPS Vest, avd Pedagogisk fagsenter Laksevåg, samt med ungdom i Aleris Ungplan og eldre ved Ladegården sykehjem

Liv-Jorun Bergset er utdanna musikkterapeut med mastergrad frå Norges Musikkhøgskule, og jobba inntil nyleg som musikkterapeut ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ved Haukeland Universitetssjukehus. Ho har også tidlegare jobba primært med ungdom, eksempelvis i Aleris Ungplan & BOI Region Vest. Bergset er aktiv som musikar i duoen Draup som spelar på glas.

Abstract:
I 2013 vart musikkterapi inkludert i retningslinjene for behandling av psykoselidelser. Dette har ført til fleire nye stillingar i ulike helseforetak. På Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ved Haukeland Universitetssjukehus er det tilsett ein musikkterapeut som jobbar ved sengepost i psykisk helsevern (Akuttpost 0-18, ungdomspost 13-18 og barnepost 0-13) og som er knytt til poliklinisk/ambulant oppfølging av ungdom (13-18) med psykoselidingar (psykoseteamet). Me vil snakke om ungdom med psykoselidelse, kva det er, kva behandlingstilbud ungdommane får på Haukeland, og korleis me ser musikkterapi kan være til hjelp. Presentasjonen vil innehalde case fra det musikkterapeutiske arbeidet på sjukehuset, både på post og poliklinisk.