Back to All Events

Musikkterapifestivalen 1-2-3

Lars Tuastad og Øystein Lydvo

Biografi:
Lars, eller Lasse som han blir kalla, har holdt på med musikk og bandspeling sidan ungdomsåra. Han har har jobba i ti år som musikkterapeut i Bergen Fengsel. I 2014 skreiv Lasse doktoravhandlinga Innanfor og utanfor – om rockens rolle i kriminalomsorg og ettervern. Lasse jobbar no som musikkterapeut innan psykisk helsefeltet ved Bjørgvin DPS og i musikkoppfølgingsprosjektet MOT82. I tillegg er han førsteamanuensis ved musikkterapiutdanninga på Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Øystein Lydvo har faglærarutdanning i rytmisk musikk frå Agder musikkonservatorium og vidareutdanning i musikkterapi frå Norges musikkhøgskole, Studiesenter Sandane. Har jobba som musikkterapeut på mellom anna Nordvoll skole og Autismesenter i Oslo, og i Senter for Musikkterapi ved Bergen kulturskole. Erfaring som faglærar i musikk frå vidaregåande skule, folkehøgskule og musikkterapiutdanninga, samt fartstid som bassist i mellom anna spellemannominerte Good Time Charlie. Jobbar no som musikkterapeut på et Distiktspsykiatrisk Senter (DPS) og som timelærar og praksislærar på masterstudiet i musikkterapi ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen.

Abstract:Kvar haust sidan 2005 har det blitt arrangert kulturveke ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS). Mål for arrangementa har vore å gje menneske med psykiske helseplager ein arena til oppleving og uttrykk gjennom kunst og kultur. Dei siste to åra er kulturveka blitt komprimert til tre dagar under namnet Musikkterapifestivalen 1-2-3. Festivalen tar utgangspunkt i artistar frå tretrinnsmodellen med komponentane "inne, ute og eigedrive" (Lydvo, 2017). 3 konsertar, 3 dagar, 3 trinn:

• Trinn 1: Musikkterapitilbod inne på Bjørgvin DPS. Open scene i gymsalen på Bjørgvin DPS.
• Trinn 2: Musikkterapitilbod ute ved U82-huset. MOT82-konsert på U82 (Bjotveit, Tuastad, Wormdahl, 2017).
• Trinn 3: Musikk som eigedriven aktivitet i lokalsamfunnet: "Psykisk kan du være sjøl"-konsert på Chagall/Garage.

Tretrinnsmodellen viser til korleis musikkterapi kan organiserast som eit gjennomgåande tilbod i Bergen ved spesialisthelsetenesta (trinn 1 - DPS), i primærhelsetenesta (trinn 2- MOT82), og ut i det lokale kulturliv (trinn 3-UT82). Det teoretiske utgangspunktet vårt byggjer på ei ressursorientert tilnærming som vektlegg tankegods frå empowerment-filosofien (Rolvsjord, 2010) og recovery-tradisjonen (Solli, 2014). Me jobbar ut i frå eit samfunsmusikkterapeutisk perspektiv, der samspelet mellom individ og samfunn er viktig (Stige & Aarø, 2012). I framlegget vil me gjennom konsertopptak og kasusforteljingar syne korleis pasientar ved Bjørgvin DPS brukar tretrinnsmodellen som del av behandlinga. I tillegg får du ein kort presentasjon av historia bak Kulturveka og Musikkterapifestivalen 1-2-3.