Back to All Events

Privat praksis? Yes you can!

Ingeborg Nebelung 

Full tittel: EMILIE – I MUSIKKEN ER KRAFTEN EN STYRKE, MEN KRAFTEN KAN OGSÅ VÆRE FARLIG. Det musikkterapeutiske forløpet til en tenåringsjente med utpregede musikalske ressurser og et utfordrende atferdsproblem i en spesialskole, en fortelling gjennom ord, video-klipp og lydopptak.

Biografi
:
Ingeborg Nebelung er utdanna barnehagelærar og musikkterapeut. Ho har etterutdanning i rus og psykisk helse, og vidareutdanning i musikkterapi og eldrehelse. Ho har 20 års erfaring som musikkterapeut med ulike målgrupper i kulturskule, skule, barnehage og på sjukeheim, driv praksisen ”Vestfold Musikkterapi”, og er for tida stipendiat ved NMH med eit prosjekt om musikkterapi i barnevernsinstitusjon. Ingeborg Nebelung er styremedlem i Norsk Forening for Musikkterapi, og er Norges delegat til European Music Therapy Confederation.

Abstract:
Mange musikkterapeutar opplever at det ikkje fins stillingar som står klare og ventar når dei skal ut i jobb. Fleire enn før ser muligheten for – eller nødvendigheten av – å starte privat praksis. Enten for å spe på ei deltidsstilling som musikkterapeut eller for å ta det store spranget; å starte opp som sjølvstendig næringsdrivande musikkterapeut på fulltid.

Kanskje kan dette opplevast som skummelt og uoverkommeleg. Passar dette for meg? Kva med alt papirarbeidet? Kva skjer om eg blir sjuk? Kva skal eg fakturere pr time? Korleis skal eg gå fram når eg skal reklamere for mine tenester?

Gjennom dette innlegget får tilhøyrarane ta del i erfaringane frå dei første to driftsåra til enkeltmannsforetaket ”Vestfold Musikkterapi”, som raskt vart både stort og stabilt. Publikum får gode råd og konkrete tips om alt frå regnskap, timepris, køyregodtgjering, skatt og banktenester, til nettsider, jungeltelegraf, kundekontakt og det å selge seg sjølv og sine tenester.

Undertonen i innlegget er: Dette er verken skummelt eller uoverkommeleg – dette får også DU til!

(Nøkkelord: privat praksis, sjølvstendig næringsdrivande, enkeltmannsforetak, salg av tenester)

Referanser:
Karette Stensæth (Norges Musikkhøgskole)
Gro Trondalen (Norges Musikkhøgskole)
Tom Næss (Norges Musikkhøgskole)