Back to All Events

Musikkterapi med born med fluktbakgrunn

Merete Roaldsnes og Kaja Elise Åslid Enge

Biografi:
Merete Roaldsnes disputerte i 2017 over avhandlinga Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige, og arbeidar i dag som musikkterapeut ved Vegsund DPS.

Kaja Elise Enge har arbeida i fleire år med ulike musikkterapiprosjekt og asylsøkarar og flyktningar. I dag skriv ho PhD om dette temaet.

Abstract:
Barn med fluktbakgrunn har med seg opplevingar og lev i livssituasjonar som kan vere svært krevjande og som kan utgjere ein helserisiko. Norske undersøkingar viser dessutan at mange barn med fluktbakgrunn og som er i asyl- eller busettingsfase kjenner seg lite integrert i lokalsamfunnet, er einsamme og opplever å ikkje få den oppfølging den har behov for i skule- og busamanheng (Berg & Tronstad, 2015).

Forsking viser at deltaking i musikkterapi kan vere helsefremmande for einslege flyktningbarn i kraft av at musikk kan gi positive emosjonar, tilby avleiing frå tankekjør, gi håp og meistring, og at ved at musikkterapi kan bidra til oppleving av tilhøyrsle og anerkjennande relasjonar (Roaldsnes, 2017). Enge sitt pågåande PhD- prosjekt fokuserer på barn sine perspektiv på musikkterapi. Med utgangspunkt i dette diskuterer studien samanhengen mellom deltaking i (samfunns) musikkterapi i skuledagen og moglegheitene dette kan gi til auka sosial deltaking også utanfor musikkterapi.

På bakgrunn av denne og anna forsking, samt perspektiv frå traumemedviten omsorg (Nordanger & Braarud 2017, Krüger, Nordanger & Stige 2017), vil vi diskutere implikasjonar for musikkterapeutisk praksis. Fokus vil vere på rammer og kontekstuelle forhold for musikkterapien, samt praksisnære tema der vi diskuterer korleis ein kan forstå relevansen av typiske opplevingar i musikkterapi (t.d. meistring, tilhøyrsle, positive emosjonar) i denne konteksten.

Referanser:
Berg, B. & Tronstad, K. (2015). Levekår for barn i asylsøkerfasen
Krüger, V; Nordanger, D; Stige, B. (2017). Musikkterapi og traumebevisst omsorg i barnevernet. Tidsskrift for norsk psykologforening, s. 998-1008
Nordager, D; Braarud, H. (2017). Utviklingstraumer – Regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget
Roaldsnes, M. (2017). Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige flyktningar. Ein kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn. Avhandling Ph.D. NMH- publikasjoner.